Sentral godkjenning av føretak

Finn føretak med sentral godkjenning

Avgrens søket geografisk

Avgrens søket på godkjenningsområde


Sentralt godkjent er ei kvalitetsordning

Føretak som er sentralt godkjente har kompetanse, erfaring og system som er tilpassa deira aktivitet i byggenæringa. Desse føretaka kan dokumentere at dei har:

  • Riktig kompetanse og erfaring frå fagområdet
  • Kvalitetssikringsrutinar
  • Betalt skatter og avgifter

Som valfri tilleggsinformasjon kan føretaket opplyse at det er godkjent som opplæringsbedrift og at det har ein forsikringsordning for dei tilsette.

Sentral godkjenning - ei kvalitetsordning for bedrifter i byggenæringa

Sentralt godkjent blir administrert av Direktoratet for byggkvalitet

Sentralt godkjent er ei frivillig kvalitetsordning. Føretaka som er tekne opp i ordninga, har søkt Direktoratet for byggkvalitet om godkjenning og dokumentert at dei fyller krava.

Målet med kvalitetsordninga er at ho skal bidra til å fremje kvalitet og seriøsitet blant alle aktørar i byggenæringa. Det er straffbart å misbruke merket.